Kva skjer i Mobilitetsveka?

Neste veke deltek Gloppen i Europeisk mobilitetsveke. Gjennom ulike kampanjar og aktivitetar frå måndag 17. til laurdag 22. september skal vi setje fokus på aktiv transport. Aktiv transport, -det å gå eller sykle når vi skal noko i staden for å køyre bil, er positivt for både folkehelsa og miljøet.

Denne veka ønskjer vi at så mange som råd skal velje aktiv transport til jobb, skule, barnehage og fritidsaktivitetar. Veka er eit godt høve til å teste ut om dette er noko ein kan gjere meir av i kvardagen.

Mobilitetsuke mobilityweek 2018 - Klikk for stort bilete

Trygg skuleveg 

Tysdag 18. september. skal vi setje fokus på trygg skuleveg. Langs strekninga frå Fitje til Sandane skule bur det om lag 50 skuleborn som har mindre enn 4 km til skulen, men som likevel får skuleskyss på grunn av smal og farleg veg. Å gå eller sykle til skulen gir ikkje berre betre helse, det har og positiv effekt på konsentrasjonen til elevane. Tysdag 18. sept. skal dei som vil få sykle i lag til skulen. Og foreldre, politikarar og andre er også velkomne i sykkelkortesja, som går frå krysset på Fitje kl 8.00 og frå krysset ved Storebrua kl 8.05 for å få med dei som kjem frå Søreide. Det blir retur frå parkeringsplassen ved Trivselshagen Bad og Idrett kl 14.10. Alle som deltek må ha hjelm og refleksvest.

Trafikkmengda på denne strekninga av fylkesveg 625 er på over 2500 bilar i døgnet. Vi ønskjer å vise kor mange som kunne ha gått eller sykla til skulen om vi hadde hatt ein gangveg her, og for å markere skuleelevane sin rett til ein trygg skuleveg. Trafikken vil gå seint inn mot sentrum denne morgonen, og ut igjen på ettermiddagen, og det er det viktig at folk er merksame på! 

Midlertidig oppmerking av Firdavegen

I områdereguleringsplanen for Sandane sentrum er det føreslått sykkelfelt på begge sider, smalare køyrebane og langsgåande parkering. Denne oppmerkinga skal berre gjelde under mobilitetsveka frå 17. til 22. september! På denne måten får vi testa ut løysingar som er foreslått i planen, og gjort oss erfaringar som vil vere til nytte i høyringsperioden på områdereguleringsplanen. Vi håpar dette blir oppfatta som positivt av bedrifter, bebuarar og trafikantar i Firdavegen denne veka.

Illustrasjonsfoto som viser korleis ein kan dele vegen mellom syklande og bilistar - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto som viser korleis ein kan dele vegen mellom syklande og bilistar

Firdavegen er føreslått med 5 m breitt køyreareal med langsgåande parkering på sidene utafor dette arealet, altså i utgangspunktet ei ganske standard gateløysing. Det dei har gjort nokre plassar, t.d. i Nederland der dette bildet er henta frå, er å definere den ytterste meteren på kvar side av vegarealet som sykkelfelt. Då blir dette ein veg med ei køyrebane og to sykkelfelt, men bilane har lov å bruke sykkelfeltet når ein møter anna biltrafikk og når ein skal parkere. Ei veke er sjølvsagt alt for kort tid til å teste ut konseptet skikkeleg, så det vi har tenkt å gjere må vel meir oppfattast som ein fullskala illustrasjon av reguleringsplanen. Men illustrasjonen blir sjølvsagt meir effektfull dersom «brukarane» av gata også testar løysinga i praksis. Vi satsar på merking tidleg måndag morgon. Været vi har for tida er ikkje optimalt for ein slik test, men vi gjer eit forsøk.

NBNB - Veret i mobiltetsveka set ein stoppar for varsla oppmerking i Firdavegen. Vi har vurdert merking med spraymaling på våt asfalt, men konkludert med at det blir meir varig enn vi ønskjer i denne omgang. Med det veret som er meldt vil anna form for merking regne vekk med ein gong. Vi må difor skrinlegge prosjektet denne veka, men vil vurdere å ta det att dersom vi får ein finversperiode seinare i haust. 

Andre aktivitetar i mobilitetsveka 

Konkurranse mellom arbeidsplassane


Vi oppmodar alle arbeidsplasser til ein intern konkurranse om å få flest muleg til å gå og sykle til jobb denne veka. Fleire arbeidsplassar har meldt seg på, og på Heradshuset heng det ei tavle med «Wall of fame» der vi tek bilde av alle som går og syklar, og registrerar kor mange dagar det blir til saman gjennom veka. Vi utfordrar fleire bedrifter til å melde seg på via kommunen si facebookside. Den bedrifta som får beste score i prosent utifrå kor mange tilsette det er på arbeidsplassen vinn, og får heder og ære for sprek jobbgjeng.  Kommunen lovar også kake til bedrifta som vinn! 

Rådmann Jan Kåre er klar for aktiv transport fyrstkomande veke! - Klikk for stort bilete

Bilfri dag 

Laurdag 22. september er det europeisk «Bilfri dag».  Vi oppmodar alle til å gå og sykle til sentrum denne laurdagen, og komme innom heradshuset og registrere seg, og de er med i trekking av fine premiar.

Fylkeskommunen har støtta oss, og den gjevaste premien vert derfor ein råfin el-sykkel! Det er med andre ord ingen grunn til å la vere å sykle eller gå til sentrum denne dagen

Elsykkel iPremie til deltakarar på Mobilitetsveka - Klikk for stort bilete

Vi har også utfordra politikarane til eit sykkelløp med sykkelvogn i sentrum. Det blir spennande å sjå om dei får plass til laurdagshandelen i sykkelvogna! Sportsbutikkane lar folk få teste ut ein el-sykkel denne laurdagen og

PS! Sandane sykkelklubb hadde planlagt opning av den nyasfalterte pumptracken på Myklebustflata denne laurdagen - dette arrangementet er no blitt utsett til våren 2019 pga dei dårlege vêrmeldingane for helga