Kva kan du gjere om inntekta di vert redusert?

Oppdatert 25. mars 2020

I desse tider vil mange oppleve at inntekta vert redusert i ein kortare eller lengre periode. Om dette skjer, er her nokre tips som kan vere nyttige:

  1. Få oversikt over inntekter og utgifter – lag budsjett. 
  2. Er det utgifter du kan redusere no?   
  3. Ver bevisst på eige forbruk. Er det innkjøp som du kan vente med å gjere? 
  4. Er alle økonomiske rettar utnytta? t.d rett til dagpengar, bustønad og liknande. Meir informasjon finn du på www.nav.no og www.husbanken.no 
  5. Sjekk skattetrekket ditt. Når inntekta er redusert kan skattetrekket vere for høgt. Gå inn på www.skatteetaten.no og juster inntekta di. 
  6. Har du lån – kontakt banken og be om avdragsutsetjing. Har du fleire lån, kan du saman med banken vurdere om det er mogleg med refinansiering. Ikkje ta opp forbrukslån utan at du med sikkerheit veit at dette kan betre økonomien din på sikt. 
  7. Dersom du får vanskar med å betale rekningane dine, kontakt kreditorane så fort som mogleg. Orienter om situasjonen din og prøv å finn gode løysingar saman.

Treng du personleg råd og rettleiing, ta kontakt med NAV gjeldsrådgjeving  eller kontakt ditt lokale NAV-kontor for nærare avtale. 

Kontaktinformasjon NAV-lokalt
NAV Gloppen: mobilnummer 948 17 869