Kulturminneplanen

Kulturminneplan 2019-2029 er eit flott oppslagsverk og eit verktøy for å forvalte og ta vare på dei mange kulturminna vi har i Gloppen. 

Sjå planen her

Klikk for stort bilete Planen er eit omfattande dokument, noko som har samanheng med at kommunen er rik på kulturminne. Når du les i planen, beskriver kapittel 1 lover, reglar, støtteordningar, forvaltning og korleis kommunen vil jobba framover med kulturminne.

Dei andre kapitla er beskrivelse av kulturminne i kommunen fordelt på følgjande tema:
1. Fornminne
2. Kulturmiljø
3. Bygningar
4. Teknisk kulturminne
5. Samferdsle
6. Lause kulturminne
7. Immaterielle kulturminne 

Til slutt i planen er der ein handlingsplan som oppsummerar viktige tiltak innan kulturminnevern.

Kulturminneplan for Gloppen blei vedteke av kommunestyret 28. august 2019.