Koronasmitte i Gloppen

18. november 2020

Ein person i Gloppen har testa positivt på korona. Kommuneoverlegen har tatt beslutning om å teste 10 personar. Desse personane har vore i kontakt med den som er blitt smitta, men oppfyller ikkje nødvendigvis alle krav til å være nærkontakt. Beslutning om å teste desse nærkontaktene er for å vere føre var. Det er svært lite sannsynlig at prøvene vil være positive, men ei eventuell smitte i denne gruppa kan potensielt medfører risiko for betydelig smittespredning i kommunen.

Nærkontaktene vil kun være i karanetene i påvente av prøvesvara.

Kommunen sitt smittesporingsarbeid har gjeve god oversikt. Alle som er vurdert til å vere nærkontakter er blitt kontakta no. Andre treng ikkje ta kontakt for spørsmål om testing eller karantene. 

Ein har ikkje elles funne grunnlag for lokale tiltak utover dei grunnleggande smitteverntiltaka og dei nasjonale retningslinjene. 
Aktivitet i skular, barnehagar og andre arbeidsplassar kan halde fram som før.
 
Alle som vert sjuke med feber og/eller luftvegssymptom skal ha lav terskel for å teste seg og halde seg heime til dei har fått negativt svar på testen og føler seg friske. 

Alle vert oppmoda til å ha så få nærkontaktar som mogeleg i kvardagen, halde avstand til andre og ha god handhygiene.