Kommunebarometeret for 2019: Gloppen på 26. plass

På Kommunebarometeret for 2019 kjem Gloppen kommune på 26. plass. Dette er fem plassar ned frå 2018.

Gloppen skårar

  • godt på grunnskule, barnevern, barnehage, helse, kultur og saksbehandling
  • middels på miljø og ressursar, pleie og omsorg og kostnadsnivå
  • dårleg på vatn og avløp og økonomi.

Gloppen er tredje beste kommune i Sogn og Fjordane. Vi ligg bak Hornindal på 3. plass og Stryn på 5. plass. Førde, som i 2018 var beste kommune i heile landet, er no nede på 32. plass.

Kommunebarometeret er ei samanlikning av kommunane i landet, basert på i alt 151 sentrale nøkkeltal. Føremålet er å gje ei lettfatteleg og tilgjengeleg oversikt over korleis kommunane driv sine tenester. Barometeret seier ikkje noko om kor god eller dårleg kommunane er på andre område, som t.d. samfunnsutvikling og tiltaksarbeid.

Les meir om Kommunebarometeret på Kommunal Rapport si heimeside. For å få tilgang til tala (KB Basis) må du registrere deg med namn og e-post. (KB Pluss må du betale for).