Viktig melding

Kom med din idé til fylkesvåpen!

Har du ein god idé til kva som kan vere eit samlande fylkesvåpen for det nye fylket?

Send inn dit forslag innan 20. juni. I denne perioden er det open innspelsrunde for alle innbyggjarar og første del av ein konkurranse, som til slutt skal gje det nye storfylket i vest eit fylkesvåpen.

Kva er felles for Sogn og Fjordane og Hordaland? Kva kan vere eit motiv eller symbol som betyr noko for alle innbyggjarane i det nye fylket?

Når alle forslaga er komne inn 20. juni skal ein folkejury og ein fagjury velje ut 10 finalebidrag kvar. Desse går vidare til ei online stemmegjeving kor alle innbyggarane kan stemme på sin favoritt. Forslaga går så vidare til minst tre designbyrå. Dei står fritt til å bruke forslaga som inspirasjon eller teikne eit nytt forslag ut frå tema gitt av ein fagkomité. Det er fylkestinga i dei to fylka som til slutt skal vedta nytt fylkesvåpen i desember.

Gå til vlfk.no/fylkesvapen for å sjå alt om

  • konkurransen til det framtidige fylkesvåpenet
  • retningsliner for korleis det kan sjå ut
  • kvar du skal sende inn ditt forslag

sogn og fj/ Hordaland 2020 - Klikk for stort bilete