Klimakonferanse på Firda vgs med sterke inntrykk

Den 15. november arrangerte Firda vidaregåande skule ein svært vellukka konferanse med fokus på klimakommunikasjon. Kultursalen i Trivselshagen var fullstappa med 250 ungdomar frå vidaregåande skular i fylket, og rundt 100 lærarar og andre som jobbar med fagområdet klima. Eit spesielt møte mellom generasjonen som tek over klimautfordringane, og dei som har mulegheit å påvirke situasjonen no!

Tekst og illustrasjon: Ole Mathismoen og Jenny Jordahl - Klikk for stort bileteTekst og illustrasjon: Ole Mathismoen og Jenny Jordahl

Om du ikkje hadde høve til å vere tilstades på konferansen, så finn du alle foredraga  tilgjengeleg på bloggen til Firda vgs «Den grøne tråden». 

Viktige bodskap frå konferansen 

Astrid Arnslett frå Cicero fortalde oss på ein forståeleg måte konsekvensane av klimagassutslepp. Innan 2030 må globale utslepp vere halvert om vi skal klare å begrense temperaturauken på jorda til 1,5 grad. Og alle kan bidra! Start med lokale tiltak. Handling fører til holdningsendring. Små ting som å plukke plast, redusere avfall, gjenbruk, sykle og gå meir, gjere at fleire får eit engasjement for å bry seg om klimautfordringane.

Agnes Tvinnereim frå Bærekraftige liv og Fremtidspiloten fulgte opp med metode for å gå konstruktivt til verks på store og komplekse problem som klimautfordringane er. Nettsida deira på Barekraftigeliv.no kan også vere til inspirasjon for handling.

Ole Mathismoen er kjent journalist frå Aftenposten, og var oppteken av korleis ein snakka om klima- og miljø til born og unge. I lag med Jenny Jordahl har dei to laga ein fantastisk teikneserie bok «Grøne greier» som passer for både store og små. Viktig bodskap frå Mathismoen – lær unge til å vere nysgjerrig og glad i naturen, så vil vi også kjempe for å ta betre vare på kloden vår. 

Astrid Sinnes er lærebokforfattar og har skrive bøker om berekraftig utvikling i skulen. Ho har sett på viktig kompetanse som vi vil trenge i møte med klimautfordringane framover og som skulen må stimulere til. Vi treng ungdom med kreativitet, kritisk tenking, empati og etisk kompetanse, samarbeid og handlingskompetanse. Skulen må vere ein stad der du gjer det som du lærer om klima- og miljø! 

Kristine Ullaland har sjølv gått på Firda som elev, og er i dag ein sterk, nasjonal stemme for  handlingar som møter klimautfordringane. Om alle hadde levd som Kristine i «Zero waste», så hadde det vore lite avfall hjå Nomil. Hennar avfall på tre år hadde ho samla i eit norgesglass.

Sjå alle foredraga på bloggen Den grøne tråden!

Viktig for oss lokalt i vårt arbeid med klima- og miljø

Vi kan oppsummere ein felles bodskap frå dei dyktige foredragsholdarane som vi kan ta med i vårt arbeid her lokal vidare: 
•    Handling endrar holdning – om vi startar med lokale tiltak i vår eigen kvardag, så påverkar det oss i måten vi bryr og engasjerer oss i klimautfordringane.
•    Håp er avgjerande for handling – det å spreie frykt om klimautfordringane utan å vise mulegheiter for handling virkar passiviserande
•    Del dei gode eksempla – gir håp og inspirasjon til andre om også å bidra

Klare forventningar frå dei unge 

Storm Vålbekk Gimmestad og Knut Isdal Lindstrøm som er begge er elevar på Firda, hadde innlegg og apell i siste bolken av konferansen. Forventningane frå dei unge er klare til dei som sit i posisjon til å gjere noko med utfordringane. Dei vil ha handling no! Jo lenger vi venter, jo vanskelegare og tøffare blir krava for neste generasjon - dei som er unge i dag. 

Og dei unge får støtte frå Agnes Tvinnerheim i Bærekraftige liv:
«Vi har ikkje lov å sei til dei som er unge i dag - at vi ikkje prøvde!»

Elevar ved Firda vgs - Klikk for stort bileteElevar ved Firda vgs Action speak louder than words - Klikk for stort bilete