Kartlegging av universell utforming i Sandane sentrum

Gloppen kommunen har fått tildelt midlar frå Statens kartverk for å gjere kartlegging av universell utforming i Sandane sentrum. Alle parkeringsplassar, tilgang til butikkar og offentlege bygg blir no registrert. I tillegg vil parkanlegget i Grandaparken og gjestehamna bli kartlagt.

Kommunen har engasjert ein student som skal gjere kartleggingar for oss no i juni. Så bli ikkje bekymra om du ser ei ung jente i gul vest som «lurer» rundt i sentrum. Vi har ikkje innført parkeringsgebyr

Kartlegginga vil gje oss status for universell utforming i Sandane sentrum, og vil vere til nytte for kommunen si planlegging og utviklingstiltak. I forhold til inngangsparti på butikkar så gjev registreringa oss ein status. Dersom den viser manglar, så vil kommunen ikkje pålegge eigar krav om utbetring. Vi legg opp til god dialog og samspel med næringsdrivande om tiltak som vil gjere sentrum meir tilgjengeleg for alle.  

Alle data som blir registrert vil vere tilgjengeleg på kartverket sin database www.norgeskart.no.

Registrering av universal utroming i Sandane sentrum, sommaren2018 - Klikk for stort bilete