Kappekurs 20. februar

Lær om grunnleggjande aptering av tømmerstokken og om korleis ein skal kappe for å få best betalt i forhold til kvalitet. Skal du kappe tømmer for levering, bør du sette av denne dagen.

 

Det blir bålkaffi og noko å bite i. Påmelding er ikkje naudsynt - alle er hjarteleg velkomne!

Tid: Torsdag 20. februar kl 10:00.

Stad: Moane på Gimmestad.

Spørsmål kan rettast til Gloppen kommune v/utmarksforvaltar Lindis Østgård på e-post: lindis.ostgard@gloppen.kommune.no eller på telefon: 48 18 91 12.

 

Arr: Gloppen skogeigarlag og Gloppen kommune.

 

Klikk for stort bilete