Kan ein bruke leikeplassane?

Oppdatert 23. mars 2020 

I Gloppen har vi ikkje planar om å stenge leikeplassane rundt om i kommunen. Barn har framleis behov for fysisk aktivitet, og for å vere saman med andre barn. Eg oppfordrar foreldre til å bruke sunn fornuft og følge nasjonale anbefalingar seier kommuneoverlege Benny Østerbye Hansen.

I Gloppen føl vi dei nasjonale anbefalingane frå Folkehelseinstituttet, som er slik: 

Kan barn leike med kvarandre eller vere i lag?

Alle blir bedt om å vere mest mogleg heime, hovudmålsettinga no er å redusere antal kontakter til eit så lavt nivå som mogleg.

  • Det vert ikkje anbefalt å samle fleire barn til leiketreff eller felles aktivitet. Målet er å halde avstand for å hindre smitte. 
  • Anbefalingane er å halde minst ein meters avstand
  • Samvær bør avgrensast til nokre få timar om gongen

For å ivareta barn sine behov for leik med andre barn skal ein ha 1-2 faste leikevennar, og halde seg til dei same leikevennane gjennom denne perioda. Dette gjeld også for ungdom. 

  • Det er betre å møtast utandørs enn innandørs 
  • Leikeplassar med mange barn samtidig bør ein unngå. Anbefaling om 1 meters avstand gjeld også her 
  • Bursdagsselskap bør utsetjast
  • Overnattingsbesøk bør begrensast i denne perioden
  • Vask hendene ofte, både før, under og etter leik. Og ha god hostehygiene.

Barn og ungdom med symptom på luftvegsinfeksjon skal haldast heime, og bør ikkje vere saman med andre barn og ungdomar utanom familien. Dette gjeld også om ein har milde symptom.

Barn og unge som er i heimeisolasjon eller heimekarantene skal ikkje omgå andre barn og ungdomar utanfor husstanden.

Det er fare for at nokre barn kan bli ståande utan leikekameratar i denne perioda. Her må foreldre hjelpe til, og passe på at barna held kontakt med kvarandre på andre måtar, gjennom telefon, videosamtaler og liknande. 

Klikk for stort bilete