Istandsettinga av Gloppen heradshus er no lyst ut

Gloppen kommune har no lyst ut arbeida med istandsetting av heradshuset som vart skada av brann for om lag eit år sidan.

Fristen for å kome med tilbod er 4. september kl 12:00.

Kommunen sin kontaktperson er teknisk sjef Kjell Petter Solhaug.

Utlysinga er delt opp i seks kontraktar:

  • byggherrerigg
  • utvendige bygningsmessige arbeid
  • innvendig riving - mur/betong/pussarbeid
  • varme, ventilasjon og sanitæranlegg
  • elektroniske installasjonar
  • innvendige bygningsmessige arbeid og overflater.

Kontraktane blir koordinerte av byggherren.

Sommar 2005 - Klikk for stort bilete Jan Kjetil Øygard