Inviterer til samarbeid om sykkelparkering

Statens vegvesen har etablert ei tilskotsordning som er retta mot dei ti største tettstadane i fylket, som skal stimulere til ulike gå- og sykkeltiltak. Gloppen kommune har i den samanheng mulegheit for å søke om midlar til Sandane sentrum på denne tilskotsordninga.

Sykkelparkering med tak - Klikk for stort bileteSykkelparkering med tak Euroskilt

Det er ei målsetting å auke tal sykkelparkering i sentrum for å legge til rette for at fleire kan gå og sykle. Kommunen inviterer i den samanheng næringsliv og butikkeigarar som ønskjer sykkelparkering framfor si bedrift/butikk i Sandane sentrum til eit samarbeid. Kommunen søkjer om midlar til sykkelstativ, montering og evnt takkonstruksjon, mot at de stiller grunn til disposisjon.

Kommunen håpar fleire butikkar/bedrifter i Sandane sentrum vil vere interessert i eit slikt tiltak. Det vi treng opplysningar om er kor mange sykkelparkeringar de ønskjer, om det er behov for tak over, og legg gjerne ved ei skisse av tenkt plassering. Vi kjem gjerne også ut på synfaring for å diskutere løysingar.

Frist for å melde inn forslag er 20. november 2018. Send innspel på epost til birte.fossheim@gloppen.kommune.no 

Etter fristen vil kommunen sjå på innspela i ein heilskap, og legg til rette for ei lokalisering av sykkelparkeringar best muleg fordelt i heile sentrum.

Vi fekk tilskot til 28 sykkelparkeringar i 2018, som vil bli montert utanfor Heradshuset før jul. Vi håpar på 30 – 50 nye sykkelparkeringar i 2019.