Høyring: Forskrift om folkevalde sin rett til godtgjersle og dekking av økonomisk tap

Formannskapet vedtok i møte 10. juni 2020 at forskrift skal leggast ut på høyring. 

Kommunestyret har tidlegare fastsett reglement om dekning av utgifter, økonomisk tap og arbeidsgodtgjersle etter tidlegare kommunelov. Etter den nye kommunelova skal dette no givast i forskrift.

Kvar finn eg forskrifta?

Det vil også ligge ei papirutgåve i servicetorget på heradshuset i høyringsperioden. 

Innspel til planen

Har du innspel til forskrifta? Innspel skal vere skriftlege og sendast til post@gloppen.kommune.no og merkast med «Innspel til forskrift om godtgjersle og dekking av økonomisk tap».

Har du spørsmål i høyringsperioden, kan du kontakte Rita Lilletvedt, mobil 95244918, eller e-post

Fristen er 1. august 2020