Hogstarbeid i Grasdalen

Hogstarbeid er i gang i Grasdalen i Eidsmona og det vil vere restriktiv framkomst på turvegen denne og neste veke (tom 22. juli). Om du likevel vel å gå der, hald god avstand til maskiner i bruk og ikkje gå forbi utan at du har hatt kontakt med førar av maskina.

Frå måndag 6. august skal arbeidet med taubane starte og då kjem vegen til å bli stengt i ca ein månad. Det vil då vere farleg å ferdast i området. Vi ber om at de vel andre turvegar i denne perioden.

 

Tømmerhogst i Grasdalen 1 - Klikk for stort bilete