Har du innspel til kulturminneplanen som no er ute på høyring?

Målet med kulturminneplanen er å løfte fram viktig historie, sikre oss ei forsvarleg forvaltning og vidareføre kulturarven til nye generasjonar.

No ligg det føre eit planutkast, som du som innbyggjar har høve til å kome med innspel på. 

Frist for å sende innspel til planen er torsdag 11. april 2019.

Klikk for stort bilete

Ope folkemøte

Onsdag 27. mars kl 19 – 21 blir det ope folkemøte på Nordfjord Folkemuseum. Her vil vi presentere arbeidet som er gjort og kva vurderingar som ligg bak utvalet av kulturminne i planen. Her vil arbeidsgruppa som har jobba med innhaldet i planen delta.

Her vert det sjølvsagt høve til å stille spørsmål og ha dialog om innhald i planen og tiltaka som er lista opp i handlingsplanen. Vi vil samstundes oppmode om at alle innspel som skal takast med før planen vert lagt fram for godkjenning, vert sendt skriftleg til kommunen. På denne måten sikrar vi at innhaldet blir riktig frå avsendar/organisasjon. 

Vi etterlyser døme på nokre bygningstypar i planen 

I kapittelet om «Bygningar», er det omtalt ulike bygningar som var vanleg på gardane før. Vi finn døme på dei fleste bygningstypane i sitt opphavelege miljø her i Gloppen, men vi manglar nokre. Så her kjem ei oppmoding til innbyggjarane. Har du eit eldhus, matstove, lade, fjøs eller stall, så vil vi gjerne vite om det. Sjå nærare i kulturminneplanen korleis vi har definert desse bygningstypane. 

Korleis er det gjort utval av kulturminne i planen?

Kulturminneplanen er starten på eit meir systematisk arbeid med kulturminne i Gloppen. Planen gir ein status no, og er ikkje komplett i forhold til kulturminne som er viktige å ta vare på. Lista over kulturminne og kulturmiljø må slik sett supplerast kontinuerleg i åra framover. I planen er det lagt vekt på å trekke fram kulturminne som er i ferd med å gå tapt, anten fordi det er få igjen av dei, eller at det er eit unikt funn. Nokre av kulturminna vil det finnast mange av, og då er det i planen valt ut eit element som representerer dette kulturminnet på ein god måte. 

Stor takk til arbeidsgruppa

Arbeidsgruppa som har utarbeida planen som no ligg føre er Anne Kristin Moe frå Nordfjord Folkemuseum, Sverre Folkestad frå sogelaget, Arne Eikenes tidlegare kommunetilsett og jobba med kulturminne, Jan-Kjetil Øygard kultursjef og Birte Fossheim rådgjevar i kommunen. Arbeidsgruppa har vore på synfaring på dei fleste av kulturminna som er tatt med i planen. Gloppen kommune ønskjer i denne samanheng å rette ein stor takk til våre eksterne samarbeidsaktørar Anne Kristin, Sverre og Arne for deira faglege lokalkunnskap, tekstbidrag og engasjement for denne planen. Utan deira hjelp og kompetanse kunne vi ikkje laga ein plan som no ligg føre. 

Kvar finn eg planen?

Det vil også ligge ei papirutgåve i servicetorget på heradshuset i høyringsperioden. 

Innspel til planen

Innspel skal vere skriftlege og sendast til post@gloppen.kommune.no og merkast med «Innspel kulturminneplan». Har du spørsmål i høyringsperioden, kan du kontakte Birte Fossheim på mob 92477248 eller epost: birte.fossheim@gloppen.kommune.no.  Hugs at fristen er 11. april 2019