Gloppen ungdomsskule - ny og funksjonell

Gloppen ungdomsskule markerte offisiell opning torsdag 11. mai. Etter ein hektisk og travel byggeperiode der skulen har vore både skule og byggeplass kunne rektor Ragnhild Bruvoll ynskje velkomen til opningsfest. 

Programmet var på den nye utescena på skulen.  Kjell Petter Solhaug som har vore prosjektleiar orienterte om fakta og utfordringar undervegs i prosjektet. Veidekke som har vore hovudentreprenør delte ut blomar for godt samarbeid med rektor og prosjektleiar. Rektor Ragnhild Bruvoll samanlikna samarbeidet med Veidekke som eit sambuarforhold som har hatt sine opp og nedturar.  Den gode nabo Firda vgs overrekte ved rektor Hallgeir Hansen to volleyballar som symbol på at dei er klare til å spele ball med ungdomsskulen.

Leiar i oppvekstutvalet, Bernt Reed overrekte blomar til rektor med gode ord om å fylle bygget med innhald. Ordførar Leidulf Gloppestad var den som stod for den offisielle opninga og klipte snora. Det var kunstneriske innslag med Håvard Endal Husevåg som song og spelte og Henrik Berg Førde som spelte piano. Alle elevane på ungdomsskulen danna kor og song til dei frammøtte i ein fullsett GU sal. Det var over 400 frammøtte. Etter opningsprogrammet var det kaffi og kaker som FAU hadde ansvaret for. Til slutt var det høve for alle å gå rundt i skulen og sjå dei ulike romma i skulen og møte elevane. Ei  flott markering av ein no ny og funksjonell skule. 

Snorklippring og offisiell opning av ordførar Leidulf Gloppestad | Fotograf: Jan Kåre Fure Rektor Ragnhild Bruvoll | Fotograf: Jan Kåre Fure Ragnhild Bruvoll og leiar i Oppvekstutvalet Bernt Reed | Fotograf: Jan Kåre Fure Stort elevkor | Fotograf: Jan Kåre Fure Tre oppvekstsjefar. Frå venstre Per Arne Strand, Gudmar Eikenes og Olav Fure | Fotograf: Jan Kåre Fure