Gloppen kommune står saman mot rasisme!

Eit samla kommunestyre vedtok 17. juni 2020 ei uttale om rasisme: 


Dei siste vekene har drapet på George Floyd av politiet i USA vekt stort engasjement og leidd til demonstrasjonar verda rundt. I Noreg har dette sett i gong ein samfunnsdebatt og fokus på rasisme i landet vårt. 

I ein rapport frå antirasistisk senter kjem det fram at minoritetsungdom i Noreg opplever rasisme og/eller diskriminering på så og seie alle samfunnsarenaer. Dette gjeld på skulen, på jobb, på fritida og i sosiale medium. Gloppen kommune kan ikkje godta at nokon av våre innbyggarar – unge eller gamle – har dårlegare levekår, kjenner seg utrygge eller utanfor på grunn av hudfarge eller etnisitet!

Vi vil at det skal vere enkelt og trygt å rapportere om rasistiske handlingar, haldingar eller opplevingar som skjer i kommunen vår, og at dei som rapporterer eller vert utsett for dette skal vere trygge på at dei vert høyrt og forstått. Det er viktig for kommunestyret i Gloppen at vi aldri gløymer det viktige arbeidet med å gjere barnehagane, skulane, helse- og omsorgstenestene våre og alle andre møte mellom innbyggarar fri for rasisme og diskriminering. 

Kommunestyret i Gloppen tek med dette fråsegnet sterk avstand frå haldninga som tok livet av Floyd, og vi ønsker med denne uttala å syne at vi som er politikarar i Gloppen tek ansvar for å endre på og aktivt motarbeide dei systema i samfunnet vårt som gjer rasisme og andre former for diskriminering mogleg. Vi er eit samla kommunestyre som med denne fråsgna vil seie frå om at rasisme skal ikkje finnast i kommunen vår, og at Gloppen skal vere ein trygg stad for alle!