Gloppen kommune i samarbeid med Retura

Gloppen kommune har i samarbeid med Retura plassert søppelcontainarar rundt om i kommunen. Containerane skal du bruke til å kaste plast og anna søppel som ligg i naturen.

Søppelcontainarane står i grustaket på Vereide, på nausttomta til Nordfjordbåtlaget i Fitjefjøra, i nærleiken av Sande Settefisk på Rygg og på tomta til Firda Billag på Sandane.

Så her kjem ei lita oppfordring til alle som ikkje veit kva de skal bruke fineversdagane til – ta ein tur ut og plukk søppel og plast som ligg i naturen!

Sandane gjestehavn - Klikk for stort bilete