Gloppen folkebibliotek har fått nye 100.000 til "Flyndre-prosjektet"

4 prosjekt frå Sogn og Fjordane fekk tilslag frå Nasjonalbiblioteket på prosjektsøknader, mellom dei Gloppen folkebibliotek, som har fått nye 100.000 til "Flyndre-prosjektet". Prosjektet er ein del av tilbodet til grunnskulen og det er 2. året biblioteket har fått midlar til no.

Formålet er leselyst og leseglede – ved fyrst å gjere elevane til trygge bibliotekbrukarar.

 

Dei inviterer alle 2. og 3. klassene til bibliotekbesøk som kombinerer litteraturformidling med læring. Tilbodet skal vere forankra i Utdanningsdirektoratet sine kompetansemål, og vil mellom anna gi elevane kunnskap om ulike litterære sjangrar.

«Det er ikkje alltid kor mange bøker - eller kva bøker eleven les - som er det viktigaste. Gode opplevingar knytt til bøker og lesing vil uansett auke leselysta, og legge eit grunnlag for å bli trygge bibliotekbrukarar - noko som kan ha verdi i heile livsløpet. I eit samfunn prega av overskrifter og korte meldingar er det viktigare enn nokon gong å vise fram den store breidda av tekstar og uttrykksformer, og tørre å teste dei ut. Ved å samarbeide tett med grunnskulane vil vi nå ut til langt fleire av elevane enn i dag»

Du kan sjå planen for bibliotektilbodet til småtrinnet her (vert revidert sommaren 2019). (PDF, 3 MB)

Klikk for stort bilete