Gloppen er ute av ROBEK

Fylkesmannen har no meldt Gloppen kommune ut av ROBEK (Register Om BEtinget godkjenning og Kontroll) etter at kommunestyret på møtet den 6. mars i år endra årsbudsjettet for 2017 og økonomiplanen fram til 2020 slik Fylkesmannen har bede om. Endringane gjeld ikkje konkrete tiltak i budsjettet.

Gloppen vart meldt inn i ROBEK våren 2016 etter eit 'arbeidsuhell' i arbeidet med økonomiplanen for perioden fram til 2019.

Les kva Fylkesmannen skriv om saka!
 

Publisert av Jan Kåre Fure. Sist endra 14.03.2017