Glad gut treng ny heim

Geir (12) trur ikkje heilt at nokon kan vere glad i han. Han treng fosterforeldre som kan overbevise han.

Klikk for stort bilete

Mange barn i Sogn og Fjordane kan dessverre ikkje bu heime. Geir er ein av dei. Han er ein glad gut med humor, og han likar å lage mat, sykle og høyre på musikk. Han er glad i å bli lest for.
 
Geir treng fosterforeldre som kan styrkje guten i sjølvkjensla hans, og som oppmuntrar og heiar på han. Han treng vaksne som har plass i hjarta. Geir er ein gut som er lett å like og å bli glad i. Klikk på denne lenka, og les meir om Geir. (Geir er ikkje hans verkelege namn, og bildet er et illustrasjonsfoto.)
 
Som kommunal fosterheim får du godtgjersle og utgiftsdekking. Du får og god opplæring frå Bufetat, og rettleiing og oppfølging frå barneverntenesta.  
 
Fosterforeldre er ikkje superforeldre. Det held at dei kan gje alminneleg god omsorg og stabilitet.

Les meir om fosterheim på fosterhjem.no. Skriv inn eigen kommune og ta kontakt via nettsida med Fosterheimstenesta i Sogn og Fjordane.