Framtidsgard - noko for meg? - Romjulstreff for ungdom mellom 15-35 år

Mjølkeprosjekta i Gloppen, Jølster, og Stryn inviterer landbruksungdommen (med sjåførar) til romjulstreff med lunsj, godt samvær, informasjon, og diskusjon.

Vi skal diskutere kva klimaforandringane betyr for norsk landbruk, korleis komande teknologi påverkar framtidas gardsdrift – og med framtida meiner vi næraste framtid, kanskje til og med notid, kvifor det er viktig å kome seg ut i verda, og kvifor det er godt å kome heim.

Hugs påmelding innan 21. desember

Framtidsgard_tine_des2017 - Klikk for stort bilete Meld deg på  - send epost til Johanna Owen - johanna.owen@tine.no