Framgangsmåte ved skadar etter flaumen

Statens naturskadeordning kan gje erstatning for skade på objekt som det ikkje er mogeleg å forsikre gjennom alminneleg privat forsikring. Skaden må skuldast naturulykke.

Les meir her om ordninga på Statens naturskadeordning og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sine sider.

Ei lita oppskrift på framgangsmåten :

  • Avklar med forsikringsselskapet ditt om du er dekka av forsikringa
  • Dersom du er det, be forsikringsselskapet sende takstmann for vurdering av skaden
  • Er du ikkje dekka av forsikring må skaden dokumenterast med bilete og eventuelt anna dokumentasjon
  • Få pris på reparasjon av skaden
  • Søk erstatning via Statens naturskadeordning på Landbruksdirektoratet

Dette gjeld skadar på vegar, bruer, kaiar og moloar, skog –med årsak flaum og skred, andre byggverk som ikkje er dekka av vanleg forsikring og jordbruksareal.

For bønder som har fått skadar på leigejord: Avklar med eigaren av jorda kven som skal reparere arealet. Den som leiger areal kan få erstatning for reparasjon av arealet dersom grunneigar gjev fullmakt til dette.

Ein konsekvens av øydelagt areal kan vere avlingssvikt. Dette må søkjast erstatning på separat og må meldast inn til kommunen so snart råd er.

Les også om klimabetingande skader og skildrring av ulikskap mellom avlingssvikt og naturskade på sida til Landbruksdirektoratet.

Kontaktperson er Bernt Reed, tlf 979 91 052 eller e-post til bernt.reed@gloppen.kommune.no