Framande artar - søk om tilskot til tiltak

Framande, skadelege artar spreier seg i stadig større omfang frå avfallshaugar og hagar, og gjennom flytting av jord. Mange ønskjer å fjerne slike førekomstar, og det finst økonomiske støtteordningar for arbeidet.

Kravet til søkarane er at dei må ha organisasjonsnummer. Det betyr at dersom du er gardbrukar eller annan næringsdrivande, eller søkjer på vegne av eit lag eller ein organisasjon, kan du få dekt arbeidstimar og innkjøp av utstyr. Søknadsfristen er 15. januar.

Fylkesmannen i Vestland informerer nærare om tilskotsordninga og korleis du skal gå fram for å søkje

Sjå kva fylkesmannen skriv her - og ta gjerne kontakt med dei om du vil vite meir.

Men ver rask, for søknadsfristen nærmar seg.