Førevar – Flaum

NVE varslar om at faren for vårflaum er stor i heile landet. Dette fordi det er mykje snø i fjellet. På grunn av låge temperaturar kjem snøsmeltinga seinare enn vanleg. Vanlegvis er ikkje vårflaumen det mest kritiske, men situasjonen no gjer til at dersom vi får kombinasjon av mykje nedbør, rask temperaturauke og vind, så kan det verte ein kritisk flomsituasjon.

Det er derfor viktig at alle følgjer med og har ein tanke om enkle tiltak som f.eks:

Sjekk at taknedløp, stikkrenner og sluk tek unna. Reinsk stikkrenner, kummer og andre vassvegar for jord, grus, kvist og lauv, og hald bekke- og elvekantar og grøfter fri for avfall for å unngå oppdemming.

Det er spesielt rundballar og andre ting som vert lagra langs elvakantar og som kan skape demning for så og endre elveløp.

Bondelaget sin flaumrettleiar mange gode tips.

Heimesida til bondelaget har gode råd for å førebu seg til storflaum:

  1. Rydd vekk alle lause gjenstandar i sannsynleg flaumområde.
  2. Få vekk rundballar, plastavfall, tømmer, plank og campingvogner. Alt som kan flyte.
  3. Ta ein runde i tilsigsarealet til garden og rydd vekk kvist og kvast i bekkar og mindre vassdrag.
  4. Sjekk alt av kulverter, stikkrenner og kummar til gjenlukka bekkar.
  5. Rydd vekk alt frå kjellergolv og i første etasje.
  6. Flytt vekk dyra frå fjøs og dyrerom om det er fare for at vatnet kan renne inn.
  7. Kutt alt av straum til driftsbygningar og til kjellar i våningshus.
  8. Dokumenter alt de gjer med bilete frå mobilkamera. Tilstand før og etter de har rydda.
  9. Dokumenter all skade med mobilkamera etter flaumen sine herjingar og send inn til Naturskadefond og forsikringsselskap.
  10. Gå inn på Tryggere Sammen.no og følg råd og tips.

Klikk for stort bilete