Folkehelsebarometer for Gloppen 2018

Folkehelseinstituttet presenterar kvart år "Folkehelseprofilane» . Dette er eit bidrag til kommunane sitt arbeid med å ha oversikt over helsetilstand i befolkninga, og faktorar som påverkar denne.

Folkehelseprofilane for 2018 vart publisert i dag, og her kan du sjå profilen for Gloppen

Temaområda i folkehelseprofilen er valde med tanke på høve til helsefremjande og førebyggjande arbeid. Indikatorane tek høgde for alders- og kjønnsbalansen i befolkninga, og nokre av tala er eit gjennomsnitt av fleire år. I år har vi fått med fleire nye indikatorer for Gloppen fordi vi gjennomførte Ungdata-undersøkinga i 2017.  

Profilen viser at Gloppen skil seg positivt ut frå landsgjennomsnittet på ei rekkje områder, mellom anna: valdeltaking, drikkevassforsyning, kor nøgd ungdom er med lokalmiljøet, skuletrivsel, fråfall i VGS, forventa levealder for kvinner og psykiske symptom /lidingar i aldersgruppa 15-29 år. Vi skil oss negativ frå landsgjennomsnittet på to punkt: overvekt/fedme blant 17-åringar og antibiotikabruk. 

Statistikk som dette må alltid tolkast i lys av kunnskap om lokale tilhøve. Folkehelseprofilen og ein vurdering av denne inngår i «Helse og trivsel - kunnskapsgrunnlag for Gloppen» som vert oppdatert annakvart år.

Folkehelseprofil 2018 illustrasjon - Klikk for stort bilete