Fakturering av kommunale avgifter, 1. termin

VI har nyleg sendt ut faktura for kommunale avgifter. Denne fakturaen gjeld for 1. termin 2020.

Det er viktig å merke seg at eigedomsskatt for bustadar og fritidshus ikkje vert fakturert denne gongen. 

Det er kommunestyret som skal vedta promillesatsen som skatten skal reknast ut frå, og denne skal etter planen vedtakast på kommunestyremøtet i februar. 

Eigedomsskatt for bustadar og fritidshus for 1. og 2. kvartal vert difor fakturert samla i april. 

Eigedomskatt til kraftverk og næring vert fakturert som normalt i 1. kvartal. 

Klikk for stort bilete