Europeisk mobilitetsveke i Gloppen 2020

Gloppen deltek for tredje året på rad i Europeisk mobilitetsveke. Veka vert arrangert frå 16. til 22. september.

Tema i år er «Utsleppsfri mobilitet for alle», der bevisstgjering rundt miljøvennleg transport og universell utforming er viktig. Alle skal ha rett til å bevege seg på ein berekraftig måte, uansett inntekt, kjønn, opphav, alder og funksjonsevne!

Klikk for stort bilete 

Test deg sjølv – har du høve til å gå eller sykle heile denne veka?

Vi oppmoder innbyggjarane i Gloppen til å ufordre sine eigne vanar denne veka. Bidra til miljøvennleg transport med å gå, sykle, samkøyre med naboen mest muleg denne veka. Det er sunt for både miljøet, helsa og lommeboka! 

Vi veit at mange i kommunen er avhengig av bil for å komme seg til jobb. Ei oppmoding då er å bruke ein parkeringsplass som ikkje tek kundeparkering for butikkane, men er ein god plass å dagsparkere. Tek du utfordringa sjølv om du gjerne må gå nokre 100 m før det kjem inn kontordøra? 

Mobilitetsløype i Sandane sentrum 

Under heile mobilitetsveka vert det høve til å teste ut ei mobilitetsløype i Sandane sentrum. Vi utfordrar politikarar, butikkar, arbeidsplassar og organisasjonar å komme å teste ut løypa.

Målet er ei bevisstgjering av korleis det er å ta seg fram i sentrum om du har rullator, rullestol, barnevogn eller transportsykkel. Løypa tek 10 – 20 min og ein kan vere inntil 7 personar i lag.

Få med deg fleire og test løypa i lag! Meld deg på til servicetorget@gloppen.kommune.no, og avtal tid mellom 16. til 22. september og skriv kor mange de er.  

Elsyklar til Hyen 

Laurdag 19. september tek vi med oss kommunen sine elsyklar til Hyen. Her oppmodar vi hyarane til å kome til butikken og teste ein elsykkel mellom kl. 11 – 14 denne dagen. 

Sykkelservice på Intersport 

Tysdag 22. september kl 14 – 17 er det etablert vaskestasjon for sykkel bak Intersport. Her kan du få sjekka sykkelen din og tips til kva som eventuelt bør fiksast. 

Vinn ein elsykkel - bli med på bilfri dag 22. september

Tysdag 22. september er det Bilfri dag over heile Europa!

Vi oppmodar innbyggjarane i Gloppen til å gjere ein ekstra innsats for miljøvennleg transport denne dagen.

Til dei som bur i nærleiken, ta utfordringa med å gå eller sykle til jobb denne dagen!

I tillegg så utfordrar vi dei som er avhengige av bil om å samkøyre til jobb.

Dei som køyrer til, og jobbar i Sandane sentrum får ei tilleggsutfordring, og det er å ta eit bevisst valg av dagparkeringsplassar i staden for å bruke kundeparkeringsplassane til butikkane. Vi er alle samde i at kundeparkering til butikkane er svært viktig og på denne måten kan vi sette fokus på det i dag. 

Vil du delta i konkurransen? Du deltek ved å ta eit bilde som viser at du har teke i mot utfordinga denne dagen - deretter lastar du det opp på Gloppen kommune si facebook side (meir info om dette finn du på facebook tidleg morgon 22. september!) - og du vert då med i trekkinga av ein elsykkel!

Temamøte om gang- og sykkelvegar

Ope temamøte om gang- og sykkelvegar i Gloppen, kommunestyresalen torsdag 24. sept kl 18 – 19.30

VI utfordrer Fylkesvaraordførar Natalie Golis til å seie noko om visjonane for gang- og sykkelvegar i Vestland. Fylkesdirektør for infrastruktur og veg Dina Lefdal frå Vestland fylkeskommune rienterer om Regional transportplan og om gang og sykkel er eit satsingsområde i Vestland. Ho har også med seg planleggar SIlje Aalbu som vil gje oss status på arbeidet med gangvegen frå Storebru til Sandane sentrum. Siste post på programmet denne kvelden er oppsummering frå mobilitetsløypa, som ulike grupper har prøvd ut gjennom veka. Kva er viktig at vi tek med oss vidare frå denne?

Velkommen