Erstatning ved frostskade hos fruktprodusentar

Dei siste dagene har fleire fruktprodusentar meldt om problem på grunn av det kalde været. Den samme ordninga som hjalp mange av bøndene i fjor som var ramma av tørka gjeld også ved andre klimaskader. Landbruksdirektoratet oppfordrar difor bønder som opplever frostskader om å dokumentere skadane og ta kontakt med kommunen så raskt som mulig. 

Klikk for stort bilete

Dei som søkjer erstatning må være berettiga til å motta produksjonstilskot i landbruket, og produksjonssvikten må være meir enn 30 prosent målt opp mot gjennomsnittsproduksjonen. Det er også eit krav at det ikkje er mulig å forsikre seg mot avlingsskada gjennom privat forsikring. Produsenten pliktar dessuten å avgrense avlingstapet så langt som det er mulig,

Hugs å dokumentere

Det aller viktigaste no er å dokumentere skadane og omfanget. Det er avgjerande dersom årets avling gjev store tap og det blir aktuelt å søke om erstatning, seier seksjonssjef Kai Terje Dretvik i Landbruksdirektoratet.

Meld derfor inn mogleg avlingssvikt snarast.

Kontaktperson i Gloppen

Bernt Reed
Mobil: 97991032

Landbrukskontoret for Gloppen og Eid


Meir info

Sjå meir informasjon på Landbruksdirektoratet si side