Er du pårørande til nokon på institusjon? - hugs besøksforbodet

Oppdatert 26. mars 2020

Vi minner om at alle helseinstutisjonar som Gloppen omsorgssenter, Gotatoppen og bu-kollektiva på Sandane, Breim og Hyen er stengt for besøkande og pårørande. Dette vart innført 15. mars som eit tiltak mot Korona-smitte, og gjeld framleis. 

  • Det er berre heilt nødvendige besøk som vert innvilga.
  • Alle besøk skal vere avtalt med leiinga på førehand.
  • Besøkande skal følgje eininga/bustaden sine besøks- og hygienereglar.

Dersom besøk ikkje kan unngåast, må avdelinga der pasienten er, først kontaktast per telefon, slik at nødvendige smitteverntiltak kan iverksettast.

Dette er i tråd med bestemmingar frå helsedirektoratet. Sjå veiledar frå helsedirektoratet om smittevern for pasientar