Er du førebudd?

For å styrke beredskapen i samfunnet oppfordar DSB alle til å vere budde på å klare seg sjølve i tre dagar. Denne veka får du ei brosjyre i posten med konkrete forslag til kva du alltid bør ha i hus. 

Kva gjer du om straumen skulle bli vekke i fleire dagar? Kva om mobilnettet sluttar å virke? - eller om det ikkje er vatn i springen?

Sjølv om Norge er blant verdas tryggaste land, og alt tyder på at det vil vere det i tida som kjem, er det lurt å vere førebudd dersom noko uforutsett skulle skje. 

Dei grunnleggande behova som må dekkast dei tre fyrste døgna av ei krise er varme, drikke, mat, legemiddel, hygiene og informasjon. I brosjyra du får i postkassa i desse dagar finn du konkrete forslag til kva du alltid bør ha i heimen. Desse finn du også på sikkerhverdag.no

Du er ein del av Norges beredskap

I haust har DSB, i samarbeid med Oslo kommune, lansert kampanjen "Du er ein del av Norges beredskap". Målet er å styrke medvitet og kunnskapen om eigenberedskap i befolkninga. 

Hovudinnhaldet i kampanjen er konkrete råd til kva folk kan gjere for å førebu seg best mogleg dersom noko skulle skjem med kritiske samfunnsfunksjonar - som straum, mobilnett, internett, transport, vatn og avløp. - Vi ber deg tenke gjennom kva som kan skje der du bur, korleis du og dei rundt deg kan bli ramma, og korleis dokke kan handtere det. Ver budd på at du og din familie skal klare dokke sjølve i minst tre dagar, seier direktør i DSB, Cecilie Daae. 

Kvifor ei slik kampanje no?

DSB si brukarundersøking viser at innbyggjarane er lite budde på ei krise der mange mister straum eller vatn, eller om det skulle bli vanskelig å få tak i nødvendige varer. 

Norge er eit svært trygt land, men også vi kan bli ramma av naturhendingar, ulykker, sabotasjer, tekniske problem, terror, sikkerhetpolitisk krise eller krig. Sjølv om det etter alt å dømme er lite truleg, er det lurt å vere budd likevel. Ofte er det ikkje mykje som skal til. Mange av oss har allereie ien god del av det vi treng for å klare oss sjølve nokre dagar. 

Når samfunnet vert ramma av ei stor hending eller krise, må hjelpa fyrst ut til dei som treng det aller mest. Dess fleire av oss som er i stand til å ta vare på oss sjølv og hjelpe dei rundt oss ved ei hending, dess bedre rusta står vi som samfunn, seier Daae.