Diabetes type 2. Brukar- og pårørandeopplæring – Kveldskurs

Klikk for stort bilete Frisklivssentralen i Gloppen arrangerer kurs for personar med diabetes type 2. Kurset er for både dei som nyleg har fått diagnosen, og for dei som har hatt diabetes i fleire år. Pårørande er og velkomne til å delta.

 

 

Gjennom individuelle samtalar, undervisning og gruppesamtalar får du.

  • informasjon om sjukdommen og behandlinga
  • kunnskap om ernæring og fysisk aktivitet
  • høve til å treffe andre i same situasjon og personar med fagkompetanse på diabetes
  • inspirasjon til meistring og sjølvhjelp

Meir informasjon om kurset finn du her. (PDF, 402 kB)

Dato: Tysdag 19. og onsdag  20. samt tysdag 26. og onsdag 27. november – frå kl 18.30-21.00

Stad: Frisklivssentralen—Grandane senter 2. etg (over legesenteret)

Påmelding/info: Ta kontakt med fastlegen tlf 57 88 44 40 for tilvising, eller ta direkte kontakt med frisklivssentralen tlf 991 57 962.

Kurset er gratis.