Diabetes type 2. Brukar- og pårørandeopplæring - Kveldskurs

Frisklivssentralen i Gloppen arrangerer kurs for personar med Diabetes type 2. Kurset er for både dei som nyleg har fått diagnosen, og for dei som har hatt diabetes i fleire år. Pårørande er og velkomne til å delta.

Gjennom individuelle samtalar, undervisning og gruppesamtalar får du:

* informasjon om sjukdommen og behandlinga

* kunnskap om ernæring og fysisk aktivitet

* høve til å treffe andre i same situasjon og personar med fagkompetanse på diabetes

* inspirasjon til mestring og sjølvhjelp

 

Dato: Måndag 15., onsdag 17., måndag 22. og tysdag 23. oktober 2018.

Tidspunkt: 18.30-21.00

Stad: Frisklivssentralen—Grandane senter 2. etg (over legesenteret)

Påmelding/info: Ta kontakt med fastlegen tlf 57 88 44 40 for tilvising, eller ta direkte kontakt med frisklivssentralen tlf 99157962.

Kurset er gratis. 

Frisklivssentralen - Klikk for stort bilete