Deler du brønn med naboen? Små vassforsyningssystem skal no registerast

Friskt vatn drikkevatn - Klikk for stort bilete No skal alle små vassforsyningssystem registrerast. Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem vere registrert hos Mattilsynet.

Dette gjeld også dei som er små, til dømes ein brønn som forsyn to hus med drikkevann, og ansvaret for at kvart enkelt vassforsyningssystem er registrert ligg til eigarane av vassverka. Mange eigarar kjenner ikkje til forskriftene dei er pålagde å følgje, og at dei innan fristen må registrere seg inn. 

Registreringa kan du enkelt gjere frå mobiltelefonen

Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til formålet. I skjemaet registrerar du vassforsyningssystemet si plassering ved å markere staden i et kart, og det er kun nokre få tilleggsspørsmål som skal besvarast.  

Mange fordelar med å registrere vassforsyningssystemet

Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommuna har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan vi bruke denne informasjonen i vårt arbeid.

Ei slik oversikt kan til dømes vere heilt nødvendig når kommuna legg planar for bruken av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikta gjer det mulig for oss å vurdere hensyn til drikkevasskildene på eit tidleg tidspunkt. 

Drikkevatnet skal vere trygt – også frå små vassforsyningssystem 

I januar 2017 kom ei ny drikkevassforskrift, som sette krav til trygt drikkevatn også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal vere registrert står i drikkevannsforskriften § 17.

Kjelder til meir informasjon

Meir informasjon, og lenke til registreringsskjemaet, finn du på på nettsida til mattilsynet.no. 

Ei presis definering av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevannsforskriften § 3, bokstav k.

Informasjon til dei minste vassforsyningssystema gir nyttig informasjon som er spesielt berekna for små vassforsyningssystem.

Har du spørsmål til registreringa?

Ta kontakt med Mattilsynet på 22 40 00 00, og spør om å få snakke med di lokale avdeling.