Brannsjefen advarar!

No er det så tørrt i terrenget i heile kommunen at brannsjefen advarar mot å fyre opp eld. Sjølv eit kaffibål eller eit lite grillbål kan vere nok til å sette fyr på terrenget. Litt vind og ei gnist kan vere nok for antenning. 

Før det grøne graset kjem opp er det spesielt farleg med tanke på at elden kan spreie seg fort!

Brannsjefen advarer spesiellt om eingongsgrillar, som kan gløde lenge etter at det ikkje er synleg varme. 

Generelt forbod frå 15. april

Frå 15. april trer det generelle forbodet om brenning i eller i nærleiken av utmark, i kraft utan at løyve er gjeve. På grunn av at det er nokre dagar til det generelle forbodet trer inn ser brannsjefen behov for gå ut med denne advaringa no. 

Klikk for stort bilete