Bli med på seminar om støtteordning for private kulturminne

Kulturminnefondet har støtteordningar for private som vil ta vare på kulturminne. Det kan vere t.d vere eldre hus, bygningar, båtar og fartøy.

Den 29. mai kl 13.00 inviterer dei til seminar på Visnes Hotel i Stryn for eigarar av kulturminne, stiftingar og lokale sogelag. Kurset gir kunnskap og innsikt i kva prosjekt det kan søkast om midlar til, og arbeidet med sjølve søknaden. Seminaret er gratis. Etter seminaret er slutt, kan dei som ønskjer det, vere med på omvising i Singer-heimen i Olden.

Påmelding innan 20. mai til:  Nordfjord Sogelag v/Sverre Folkestad tlf.: 97189305 eller e-post: sverre.folkestad»enivest.net.

Dei fleste kulturminne i Gloppen, er det private som eig. Det kan vere kostnadskrevjande å halde desse ved like, og Kulturminnefondet kan gje støtte til restaurering. Dei seinare åra er tilskota frå Kulturminnefondet til private eigarar av verneverdige kulturminne blitt dobla. Fondet sikrar på denne måten ein viktig del av kulturarven vår. I 2019 har Kulturminnefondet innført fortløpande sakshandsaming, og på landsplan har 283 prosjekt fått i alt nesten 58 millionar kroner i første kvartal. I same tidsrom har ni eigarar av kulturminne i Sogn og Fjordane fått til saman 2,2 millionar kroner i støtte frå Kulturminnefondet. 

Nordfjord Sogelag har registrert at talet søknader til Kulturminnefondet frå private eigarar i Nordfjord har variert mykje frå kommune til kommune. Sogelaget tenkjer at dette kan ha noko med kjennskapen til støtteordningane å gjere både på kommunalt nivå og mellom innbyggarane. Nordfjord Sogelag ønskjer difor å skipe til eit seminar om støtteordningane i samarbeid med Kulturminnefondet.
Nordfjord Sogelag ønskjer deg velkomen på seminar!
Klikk for stort bilete