Bli med i Sykle til jobben-aksjonen!

For deg som er innbyggjar i Gloppen kommune er det gratis å delta!

All aktivitet tel. Om du ikkje har mulegheit for å sykle til jobben fordi du bur for langt unna, så kan du gå eller sykle til butikken/på trening på ettermiddagen, og få like mange poeng.

Aksjonen starter 24. april og varer til 21. juni!
Kommunen ser på aksjonen som eit godt klima- og folkehelsetiltak. Vi vil anbefale at du går saman med 3-5 kollegaer, og melder på eit lag. Det kan gje ekstra motivasjon for å trene, og at du «tek ein for laget». Du kan også melde deg på som enkeltperson. 

Klikk for stort bilete

Dette gir 1 poeng uansett avstand og tid du bruker:
•    Gå, sykle el løpe til jobb. Elsykkel er tillatt og gir like mange poeng som vanlig sykkel.
•    Aktiv reiseveg – t.d. gå til skulen eller sykle til butikken. Strekningar der du elles kunne tatt bil.
Elles er hovudregelen at 30 min fysisk aktivitet = 1 poeng. 60 min = 2 poeng. 90 min = 3 poeng.
Som deltakar kan du maks få 3 poeng pr dag.

Kvar veke vert det trekt flotte premiar i denne nasjonale konkurransen.
Vi håpar på mange påmeldingar i Gloppen!

Meld deg på her  www.sykletiljobben.no.


Har du spørsmål – ta kontakt med Birte Fossheim på 92 47 72 48 eller mail til birte.fossheim@gloppen.kommune.no