Barn og lesing i fokus

Barnebibliotekar Ann Kristin Hovstad og lærar ved Nordstranda skule Reidun Sandøy Os har nyleg avslutta eit samarbeidsprosjekt om litteraturformidling til barn. 

Lesarhistoria, nye vegar til lesaren - Klikk for stort bileteLesarhistoria, nye vegar til lesaren Gloppen folkebibliotek

Vi gratulerer dei to dyktige damene med vel utført oppdrag. No er dei vel heime igjen etter å ha helde presentasjon om prosjektet Lesarhistoria på Høgskolen i Oslo og Akershus. Dei har også jobba med å utvikle eigen formidlingspraksis dei to siste åra: Barn og lesing i fokus.

Biblioteket ynskjer å auke kompetansen på formidling til ei gruppe som enno ikkje er etablerte bibliotekbrukarar. Gjennom satsing på tidleg start vil dei gjere ferske lesarar til trygge bibliotekbrukarar. Fokuset har vore retta mot 2. og 3. klassetrinn. Biblioteket ved Ann Kristin Hovstad har utarbeidd gode temabaserte presentasjonar for kvart klassebesøk. Gjennom godt samarbeid med lærarane, har ein samkøyrt norskundervisinga med aktivitetane i biblioteket, og lærarane har omtalt det som eit godt supplement til undervisninga.

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Høgskolen i Oslo og Akershus og kommunane Bremanger, Gloppen, Flora, Balestrand og Sogndal har sidan 2014 sett på korleis utvikle eigen formidlingspraksis med utgangspunkt i barns og unge sine lesarhistorier. Målet har vore å auke kunnskapen om korleis bibliotek, skular og barnehagar kan samarbeide om å skreddarsy formidlinga til den einskilde trinn frå femårsalderen og gjennom heile skuleløpet til ungdomskulen.