Årets gloppar 2017?

Gloppen kommune skal gje ut prisen Årets gloppar 2017, og no er vi på leit etter gode kandidatar til prisen!

Har du eit tips til kven som fortenar denne æresprisen i år - ta kontakt!

I retningslinjene til prisen står det mellom anna: 

Prisen skal gå til ein person eller fleire som har utøvd ein ueigennyttig innsats i Gloppen kommune. Prisen skal inspirere til vidare innsats og utvikling, og han skal også vere ei takk og ein heider til eit menneske eller fleire som har gjort ein stor innsats for å fremje gode samfunnsverdiar – som samhandling og trivsel, glede, helse, fellesskap, ærlegdom, solidaritet, lojalitet, engasjement og frivillig arbeid.

Administrasjonen og utdelinga av prisen er lagd til MULTEK-utvalet.

Framlegg til kandidatar kan fremjast av alle som ynskjer det. Framlegg skal vere skriftleg og grunngjeve. Framlegg skal sendast til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane eller på epost til post@gloppen.kommune.no

Frist for å kome med framlegg er 2. mars 2018

Spørsmål?

Lurer du på noko, kan du ta kontakt med kultursjef Jan-Kjetil Øygard på telefon 977 77 397, eller på epost til  jan.kjetil.oygard@gloppen.kommune.no 

Ein stødig varde er ein god illustrasjon for ein stødig gloppar - Årets gloppar! - Klikk for stort bileteEin stødig varde er ein god illustrasjon for ein stødig gloppar - Årets gloppar!

Lurer du på kven som har fått prisen tidlegare?

Sjå oversikt her