Publisert 28.11.2017
Dronning Sonja vart møtt av elevrådsleiar Henne Hjartholm, Rektor Hallgeir Hansen og Håkon Fjellestad, elev ved Firda vgs, Torbjørn Røe Isaksen, kunnskapsmininster og Leidulf Gloppestad, ordførar i Gloppen

I dag er Dronning Sonja på Sandane for å dele ut "Dronning Sonja sin skulepris for likeverd og inkludering" til Firda vidaregåande skule. 

Då dronninga ankom skulen vart ho helsa velkommen av eit stort flott kor av elevar frå Nordstranda skule, Sandane skule, Gloppen ungdommskule og Firda vidaregåande skule som sang to vers av Nordfjordsangen.

Publisert 08.11.2017

Dagsturhytte er eit prosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, sparebankstiftinga og kommunane. Heile 26 hytter skal fordelast utover heile Sogn og Fjordane.

Den aller fyrste som kjem på plass i fylket er Dagsturhytta i Trivselsskogen ved Draumekvila - denne skal opnast allereie 8. desember!

Publisert 08.11.2017
Smerta ein ikkje ser

Ein konferanse om ung psykisk helse. 

18. november kl 12-17 i Storsalen, Førdehuset

Publisert 03.11.2017

Med digital postkasse får du tilgang til posten din på ein rask og trygg måte - same kvar du er i verda. Digital postkasse er internett sitt svar på di vanlege postkasse - er du klar til å ta i mot post digitalt?

Publisert 01.11.2017
Tone Merete Ommedal og Randi Reed

Gloppen kommune signerte i 2016 ein avtale med Nasjonalforeningen for folkehelsen om å bli eit meir demensvenleg samfunn.

Dette har ført til at i løpet av siste året har snart 100 personar innan offentleg og privat servicenæring delteke på kurs. Butikkmedarbeidarar, drosjesjåførar, banktilsette, frisørar, tilsette ved kommunen sitt servicetorg og fleire har fått meir kunnskap om: Kva er demens? Kva utfordringar møter personar med demens i kvardagen? Korleis kan vi best muleg møte personar med demens og yte god service?