Publisert 30.01.2020

Målet for rusmiddelpolitikken i Gloppen er å førebygge og redusere negative konsekvensar ved bruk av alkohol og andre rusmiddel, for den enkelte og for samfunnet. Vi skal ha særleg fokus på foreldra si rolle, og på ungdom. Ein viktig del av dette er å sikre at så mykje som råd av alkoholomsetninga i Gloppen skjer på ein lovleg og trygg måte.

Publisert 27.01.2020

Vi lyser med dette ut investeringsmidlar til tiltak i beiteområde for 2020.

Formålet med tilskotet er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda.

Publisert 22.01.2020

Ein gong i månaden er det landsbylaurdag på Sandane. 

Her melder lag- og organisasjonar seg på med underhaldning, aktivitetar eller stand. Dette er ein fin arena for å marknadsføre din organisasjon, og kan rekruttere nye medlemmar til laget ditt. 
 

Publisert 17.01.2020

Vi har no lyst ut stillingar for ferievikarar for sommaren 2020.

Vi har behov for ferievikararar i helse- og omsorgstenesta, i kommunale barnehagar og i uteseksjon/eigedomsavdelinga.

Søknadsfrist for alle stillingane er 23. februar 2020

Publisert 14.01.2020

Også i 2020 vert det høve til å søkje om tilskot frå Innovasjon Norge til investeringar innan frukt, bær og grønt.

Publisert 13.01.2020

Barnehagane i Gloppen inviterer til storforeldremøte.

Tema er robuste barn - kva foreldre bør vite om psykisk helse i barndommen.

Publisert 10.01.2020

Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som psykolog frå 01.03.2020.

Stillinga er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Stad, Stryn, Bremanger og Gloppen. Stillinga er organisert i eining for helse i Stad kommune. Kommunepsykologen skal arbeide systemretta, førebyggjande og ha særleg fokus på barn, unge og deira familiar. Psykologen vil kunne nytte kommunal bil til ambulant arbeid ute i dei aktuelle kommunane

Publisert 08.01.2020

Framande, skadelege artar spreier seg i stadig større omfang frå avfallshaugar og hagar, og gjennom flytting av jord. Mange ønskjer å fjerne slike førekomstar, og det finst økonomiske støtteordningar for arbeidet.

Kravet til søkarane er at dei må ha organisasjonsnummer. Det betyr at dersom du er gardbrukar eller annan næringsdrivande, eller søkjer på vegne av eit lag eller ein organisasjon, kan du få dekt arbeidstimar og innkjøp av utstyr. Søknadsfristen er 15. januar.

Publisert 07.01.2020

Landsbyrådet har bestemt datoane for Landsbylaurdagar 2020, sjå oversikta under.

Dette er ein møteplass der lag og organisasjonar, kulturaktørar og næringsliv i fellesskap bidreg til eit meir levande sentrum.

Det er Landsbyrådet som står bak ideen, og målet er å skape eit hyggelig og inkluderande treffpunkt med ulike aktivitetar/tema gjennom året.  Vi vil at Sandane skal vere eit trivelig sentrum der alle innbyggjarane og besøkande føler seg velkomne. 

Så har du ein god ide eller ønskjer å delta – så hører vi gjerne frå deg!

Publisert 22.11.2019
basseng

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har ei tilskotsordning for inkludering av barn og unge. Tilskota skal bidra til at alle barn, uavhengig av foreldra sin sosiale og økonomiske situasjon skal ha høve til å delta i minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre.