Publisert 08.08.2018

Kommuneadministrasjonen, som har halde til på Søreide dei siste to åra, er tilbake i heradshuset på Sandane i veke 33 i år. Vi reknar med at dei aller fleste er på plass frå onsdag 15. august.

Vi gledar oss til å flytte tilbake til Gloppen heradshus og håpar at glopparane også tykkjer dette er kjekt.

Velkomen innom! 

Publisert 01.08.2018

Oppmoding til eigarar av areal som berre blir beitepussa/plenklyppa og ikkje hausta: Vi bed om at de kan la bønder som treng fôr få sleppe til og få slå det! Ta sjølv kontakt med bønder i ditt nærområde!

Vi oppmodar også bøndene om å gjødsle opp til ein tredjeslått og hauste det som er mogleg for å få nok fôr sjølv, og ev. kunne hjelpe andre som ikkje har nok fôr.

Publisert 30.07.2018

Hjelp "Trivselsskogen" med å bli Norges flottaste tur!

Gå inn på www.turrute.no og gje di stemme. Hugs å legge inn mailadresse. Stem no og få med alle andre til å gjere det same.

Publisert 26.07.2018

VOKKS Nett skal strekke ein kabel over KV 1090 (Høygardsvegen). Arbeidet vil føregå tidsrommet 6.-30. august, og vegen vil bli stengt i enkelte periodar. Kun under kabelstrekk over vegbane. 
 

Publisert 24.07.2018

Gloppen kommune jobbar for tida med ein kulturminneplan, der vi ønskjer å trekke fram verdifulle kulturminne i kommunen. Kommunen er rik på kulturminne, og det er utfordrande å få ein god oversikt over kva som finst og som er viktig å få med i planen.

No spør vi etter innspel frå Glopparane - veit du om ein gamal bygning - ta kontakt!

Publisert 23.07.2018

Anleggsarbeidet som Vokks Nett AS utfører for SFE i samband med ny kraftlinje mellom Sandane trafostasjon og Reed trafostasjon går no mot siste del. 

i perioden 6.-30. august vil det bli utført noko skøyting av linjene der dei skal nytte ein spesiell type sprengladning, og dette vil høyres godt i området i kring. 

Publisert 16.07.2018

Hogstarbeid er i gang i Grasdalen i Eidsmona og det vil vere restriktiv framkomst på turvegen denne og neste veke (tom 22. juli). Om du likevel vel å gå der, hald god avstand til maskiner i bruk og ikkje gå forbi utan at du har hatt kontakt med førar av maskina.

Frå måndag 6. august skal arbeidet med taubane starte og då kjem vegen til å bli stengt i ca ein månad. Det vil då vere farleg å ferdast i området. Vi ber om at de vel andre turvegar i denne perioden.

 

Publisert 06.07.2018

Retura Nomil AS søkjer Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om løyve til mottak av meir avfall ved anlegget i Eidsmona i Gloppen kommune.

Du finn sakspapira på Fylkesmannen si heimeside og i papirformat på servicetorget i Gloppen kommune.

Dei som har merknader til søknaden må sende desse til Fylkesmannen seinast 20. august i år.

Publisert 28.06.2018

Sandane sykkelklubb har nyleg fått asfaltert den unike pumptracken ved Sandane Idrettspark - og for eit anlegg det er blitt!

Gloppen kommune gratulerer med eit strålande anlegg, og håper det vert mykje brukt av både store og små!

Publisert 21.06.2018

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,4 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2018.