Treningsøkt for alle i Trivselshallen!

Bli med på ei lågterskel treningsøkt på måndagar frå kl 18.30 - 19.30 i Trivselshallen. Treninga er gratis og er for alle aldrer. Etter treninga er det tilbod om felles kveldsmat i foajéen.

Treningstid og periode

Treningstilbodet startar opp måndag 20. jan kl 18.30 - 19.30, og vert deretter fast kvar måndag fram til april.

Instruktør er Monica Kjerstad Nilsen

Treningstilbod for alle

Vi håpar at dette tilbodet vil vere til glede for mange. Her kan vaksne og born gå på trening i lag! Tilbodet skal gjere fysisk aktivitet tilgjengeleg og inkluderande for alle, uavhengig av alder, bakgrunn og treningserfaring. Treningsøktene stiller ingen krav til tidlegare erfaring eller god fysisk form – her er det plass til alle, anten du aldri har trent før eller har mykje treningserfaring! Vi ynskjer å skape ein trygg og positiv treningsoppleving der fokuset er på bevegelse, meistring og sosialt samhold. 

Sosialt med kveldsmat

Etter treningsøkta er det tilbodet om gratis kveldsmat i foajeen i Trivselshallen. Vi ønskjer at treningstilbodet også skal vere ein hyggeleg og sosial arena der ein kan få nye bekjentskap. 

Bakgrunn for tilbodet

Gloppen kommune har motteke tilskot frå Vestland Fylkeskommune for å etablere eit treningstilbod, som kan fremme god folkehelse.  Folkehelse er eit viktig fokus i samfunnet, og arbeidet for å fremme faktorar som påverkar helse og trivsel er essensielt. Sjølv om fysisk aktivitet er ein del av kvardagen til folk flest, viser tal frå Ungdata og Folkehelseundersøkinga at mange unge og vaksne er i så mykje aktivitet, som dei nasjonale anbefalingane tilrår. 

Dette håpar vi treningstilbodet på tvers av alder kan gjere noko med! Målet med tilbodet er å senke terskelen for å vere fysisk aktiv, og vi håpar at både trening og kveldsmat kan bidra til å skape eit trygt, motiverande og sosialt treningsmiljø. 

Dette er eit gratis treningstilbod for alle – og vi ynskjer alle hjarteleg velkomen til å delta!