I dag vart Gloppen re-sertifisert som Trafikksikker kommune for perioden 2025 - 2027. Det er Trygg Trafikk som står bak denne ordninga.
Kommunen vart første gang godkjent i mai 2018, etter at alle kommunale og private barnehagar i Gloppen vart individuelt godkjent våren 2017 (Breim barnehage allereie i 2016).
Målet med å vere Trafikksikker kommune er å sette fokus på kommunen sine rutinar knytt til trafikktryggleik i dei ulike einingane.
Trafikksikker kommune 2025-2027
Margrete Solheim
Publisert 08.11.2024 15.05