Legg tunge ting nederst i bagasjerommet, og innerst mot seteryggen, og sikre alle lause gjenstandar.
Ta av tjukke vinterjakker før de køyrer, då er dokke betre sikra med bilbeltet tett på kroppen.
Ta gode pauser med kakao, kaffi og luft undervegs på turen. BIlførarar vert meir merksame bak rattet, og dei som sit i baksetet synest truleg at kakao er digg!
Pauser er ikkje sløsing med tid - dei er ei god investering i ei trygg og hyggelig vinterferie for alle i bilen.

Trygg kolonnekøyring
Ver budd på at det kan bli kolonnekøyring
- Sørg for å ha fullada batteri eller nok drivstoff på tanken
- Ha lykt, slepetau og snøspade lett tilgjengelig
- Det er lurt å ha med ekstra mat og drikke
- Ta med varme kle og vintersko
Hald jamn fart og rett avstand til bilen framfor deg. Følg anvisingar frå følgjebilarne og bruk nærlys. Ver tolmodig og merksam, så kjem dokke trygt fram. Det er det som tel!