Trafikkvettreglar for påskeferien:
• Sjekk ver- og føre før du legg ut på biltur.
• Pakk bilen riktig og sørg for at lause gjenstander er sikra.
• Ta pauser undervegs – ein opplagt sjåfør er ein tryggare sjåfør.
• Hald god avstand til bilen framfor deg. Då får du meir tid til å reagere hvis det skjer noko uventa.
• Bruk bilbelte – alltid. Det er ein enkel, men effektiv måte å beskytte seg på.
Vår betyr også bar asfalt, og mange små og store har allerede henta frem sykkelen. Men vær obs på grusen! Laus grus kan føre til uheldige situasjonar!
Pakk bilen riktig
Å bruke nokre ekstra minutt på å pakke bagasjen riktig er ei smart investering!
Bagasje som ikkje er sikra riktig kan føre til alvorlege ulykker. Passasjerar i baksetet har omkome fordi tunge bagar og koffertar har blitt kasta med voldsom kraft inn i bakseteryggen ved bråstopp.
Slik sikrar du bagasjen:
Bruk bilbelte - alltid! slik festar du beltet riktig
• For at bilbeltet skal beskytte deg best mogleg, skal det vere festa tett inntil kroppen. Det må ikkje vere vridd.
• Ta av deg eller åpne opp tjukke ytterkle.
• Beltet skal ligge stramt nede på hofta og alltid over skuldra.
• Etter at beltet er klikka fast, hugs å stram til. Sjekk at beltet ligg på plass i løpet av turen.
Vi ynskjer alle ei trygg, varm og god påske!