Korleis du køyrer, påverkar ikkje berre deg og dine passasjerar, men også dine medtrafikantar. Så hugs: Hold fartsgrensa, køyr etter forholda og ver merksam på dei rundt deg. Det er lite som skal til for at vi saman gjer vegane tryggare for oss alle.
Ungdom er spesielt utsett
Ulykkestal viser at unge mellom 18 og 24 år har høgst risiko for å bli involvert i ei alvorleg ulykke.
7 av 10 som vert hardt skadd i trafikken er gutar.
Dette er bare ein av fleire dystre statistikkar gutta toppar. Samtidig opplever dei å bli oversett i samfunnsdebatten. Stadig fleire slit med psykisk helse, dei kjenner på presset når det gjeld kropp og prestasjoner og føler seg usikre på framtida.
Utenforskap og usikkerheit kombinert med å tøye grenser i fart er ein farleg spiral. Når gutta tek sjanser i trafikken, handlar det ikkje berre om råskap eller dårlig dømmekraft. Det handlar også om korleis dei har det, korleis dei ser seg sjølv og korleis samfunnet ser dei.
No er det guttas tur. Vi må forstå kva som ligg bak statistikkane, lytte til meningane deira og ta dei på alvor. For skal vi redde liv, må vi også ta vare på gutta. Ta vare på gutta - sjå miniserie
