Tilskot til plastpresse 2025

Statsforvaltaren i Vestland har tildelt Landbrukskontoret for Gloppen og Stad midlar for tilskot til plastpresse. Tildelte midlar kan fordelast på fire plastpresser med eit tilskot på kr 7.000,- per presse. 

Landbruksplast på avvege er eit problem, sjølv om det meste av landbruksplasten blir resirkulert. Dei siste prosentane som ikkje blir sendt til gjenvinning kan føre til stor forureining. Plastpresse eller komprimator kan gi betre kvalitet på plasten som skal leverast, og dermed høgare gjenvinning. Når plasten er pressa og lagra i ballar, er det mindre sjanse for at den kjem ut i naturen.

Kven kan søkje

Landbruksføretak som nyttar rundballeplast i si drift. Kommunen vil prioritere søknader der fleire føretak går saman om ei presse og vi tenkjer to presser i Gloppen og to i Stad. Då det er ikkje sett søknadsfrist er det førstemann til mølla som gjeld.

Korleis søkje

Skriftleg søknad til kommunen med dokumentasjon på behovet for plastpresse. Merk 
søknaden med: Tilskot plastpresse 2025. 

post@gloppen.kommune.no 

sikker digital post

Vilkår for tilskotet

• Tilskot per plastpresse er 7.000 kr
• Plastpresse må vere dokumentert innkjøpt og rapportert innan 15. september 
   2025
• Tilskotet er til nyinvestering og har ikkje tilbakeverkande kraft
• Plastpresse kjøpt med tilskot kan ikkje seljast vidare i løpet av dei neste 5 åra

Dei som er medlem i Norges Bondelag og kunde hos Gjensidige har også høve til å 
søkje om støtte i Bærekraftfondet. Les meir på nettsida til Gjensidige.

Spørsmål?

Ta kontakt med Bernt Reed, tlf. 9799105