Ein kan få tilskot på 1/3 av godkjent kostnad, og dugnad kan reknast som eigenfinansiering. Det er mindre pengar i denne ordninga enn i spelemidlar til idrettsanlegg, og ikkje alle som får godkjent søknad får tildelt midlar, -men ein får i alle fall ikkje om ein ikkje søkjer!
Søknadsfristen i Gloppen er 1. april.
Om de planlegg å søkje, ta gjerne kontakt og meld i frå om at ein søknad er på veg. De kan også få rettleiing og utsett frist om de treng det. Om det kjem inn fleire enn ein søknad, vil prioritering mellom søknadene bli politisk behandla.
Meir om ordninga og link til søknadsskjema:
Vestland fylkeskommune - tilskot til kulturbygg i Vestland
Ta kontakt om du har spørsmål
Kontaktperson er Åslaug Haugset, aslaug.haugset@gloppen.kommune.no
mob. 91 00 61 82