Temakaféen for kreftråka, pårørande og etterlatne

Stad: Felleshuset, Gotevegen 89 Sandane.

Tid: Onsdag 2. oktober , kl 19-21.

Temakaféen er staden der ein kan treffe medmenneske som er i same båt som ein sjølv, enten ein har vore eller er råka av kreft, om ein er pårørande eller etterlatne. Vi møtest fyrste onsdagen i kvar månad, vi har ikkje medlemslister eller kontigent, vi berre møtest  til koselig samvær, fylt med ei god blanding av skjemt, alvor, kultur og fagleg stoff. Vi gjer dette i samarbeid med Gloppen Kommune og Kreftforeningen.

Til oktobermøte vårt kjem Ira Førde frå Skei. Ho er utdanna fotterapeut og vil snakk med oss om ein del av dei plagene som ofte fylgjer med kreftbehandling generelt. Dette kan vere biverknader etter cellegift, stråling eller anna behandling som kan føre til plagsome  nerversmerter  i føtene. Dette er nok interessant for både pasientar og pårørande.
Sjølvsagt vil kreftsjukepleiar vere til stades.

Og like sjølvsagt vert det kaffi og godt søg som vanleg.
Velkomne, gamle som nye.

Om du treng meir informasjon eller hjelp, kontakt Anita Lote på Heradshuset.